Mari Maria Sudu-Deli-Dei Songtext - Oddvar Torsheim

Mari Maria Sudu-Deli-Dei - Oddvar Torsheim

Kom Mari Maria sudu-deli-dei
no tek me ein svingom og dansar i vei
no går vi på golvet og lagar ståhei
eg har kjend deg i frå du vart fødd
og viss vi ikkje dansar Sudu-deli-dei
får vi finne på noko anna!

Å, Mari Maria kor skal dette gå?
vi begge vil vekk i frå kvardagen grå
om allting vi ikkje kan få eller nå
vil vi smake forandringens fryd
når det kjennest som om himmelen aldri blir blå
ja, då må det snart skje noko anna!

Så sudeli-dudeli-dudeli-dei
kom Mari Maria, heihopp og tjohei
du elskar å danse og lage ståhei
ja, det er visst til det du er fødd
og når du ikkje dansar sudu-deli-dei
vil du helst ikkje drive med anna!

Huff, Mari Maria som verda ser ut
så fæl og så fælsleg, så smekkfull av krut
eg tenkjer som så: korleis vil dette gå
for vi er jo på moder jord fødd
men ei stemme inni meg den ropar: hald ut!
vi får sikkert snart sjå noko anna!

Sei Mari Maria, kor har du det no?
Eg tykkjer du kler dine høghæla sko
eg ser og at du har latt håret ditt gro
du er åenare enn då du vart fødd
eg såg og ein sjalu fyr som etter deg slo
for han tordikkje prøve på anna!

Så sudeli-dudeli dei
no tek vi ein svingom og valsar i vei
på golvet vi går og vi lagar ståhei
for det ønska vi frå vi vart fødd
og vi dansar og dansar sudu-deli-dei
for vi vil og kan ikkje anna
for vi får ikkje til noko anna
men vi ventar jo på noko anna!


Video: Mari Maria Sudu-Deli-Dei von Oddvar Torsheim

Teilen

Zeige deinen Freunden, dass dir Mari Maria Sudu-Deli-Dei von Oddvar Torsheim gefällt:

Kommentare