Galningen Songtext - Oddvar Torsheim

Galningen - Oddvar Torsheim

Dag etter dag galningen sit
oppe på fjellet og ser ned i dalen
der han miste sit vit
der alle bad han dra til den
den heite plassen du veit
der alle fortalde flittig
kor utruleg han var teit.
Han er grå i sitt fjes
han er hurklet og hes
mens ein iskald vind blæs.

Fjellet er kaldt, tåra er salt
men dette vart hans heimplass
då det verkeleg gjaldt.
Og bruene er brende
og hans hus i dalen er vekk
og dei som sa dei var vener
dei rann bort som i ein bekk.
Kvifor er nokre slik at dei går
over lik, kvifor er folk så frekk?

Galningen sit, galningen sat
ser ned i dalen der dei
aller fleste la han for hat.
Han veit at går han nedatt
vil det heile gjenta seg att
han veit at viss han gjer det
blir han atter forhatt
dermed galningen sit
utan klokskap og vit
med sin glåbleike let.

Han veit at viss han går nedatt
vil historia gjenta seg att
han veit at viss han gjer det
blir han atter forhatt.

Dermed galningen sit
utan klokskap og vit
mend sin gråbleike let.


Video: Galningen von Oddvar Torsheim

Teilen

Zeige deinen Freunden, dass dir Galningen von Oddvar Torsheim gefällt:

Kommentare