Ei Krasafaren Steinbu Songtext - Hellbillies

Ei Krasafaren Steinbu - Hellbillies

Eg skull' te fjells for å jakte rein.
Bussen va ganske sein, eg skulde gå te Hein.
Været va ruskut og tungt og grått.
Lendet va sleipt og vått,
sjøl vart eg redd so smått.
Hadde hverken kart ell kompass,
burde jaddi hugst på sopass.
Jævlig dumt syns væl du?

Måse og stein dæ va allt eg såg.
Skodda kom sigande tjukk, so tung og grå.
Jeger'n va liten og Vidda stor.
Hadde 'kji leger ror,
trengde ein storebror.
Eg tok te miste true
på at eg skull' finne bue.
Klukka gjikk, huttetu, va snart sju!

Men då kom eg te ei krasafaren steinbu.
Eine veggen sigji ut, men taket nokolein.
Sette meg og fann fram nista,
våt og kald so kroppen rista.
Likevæl va eg glad!

Åfto e livet som ein skoddeheim.
Vegen e langtfrå bein,
eg kan 'kji finne heim.
Rota på rundt i eit narrespel.
Kjempa imot eit bel,
lyg meg ifrå eindel.
Når det e som aller svartast.
Når det bles med krappe vindkast.
Når eg går mot eit stup, ni eit djup.

Då kjem eg te ei krasafaren steinbu.
Eine veggen sigji ut, men taket nokolein.
Set meg ned og finn fram nista,
våt og kald so kroppen rista.
Likevæl e eg glad! Eg e glad!

Då kjem eg te ei krasafaren steinbu.
Eine veggen sigji ut, men taket nokolein.
Set meg ned og finn fram nista,
våt og kald so kroppen rista.
Likevæl e eg glad!
Ja, likevæl e eg glad!
Ja, likevæl e eg glad.

krasafaren - nedslite av ytre påvirkningar over lang tid.


Video: Ei Krasafaren Steinbu von Hellbillies

Teilen

Zeige deinen Freunden, dass dir Ei Krasafaren Steinbu von Hellbillies gefällt:

Kommentare