Slik skulle eg likt å bli Songtext - Daniel Kvammen

Slik skulle eg likt å bli - Daniel Kvammen

Kva om eg var
Ein dråpe som hang
Som hang der på graset
I takt med tyngdekrafta si gang
Så bekymringslaus og fri
Så frigjort frå tid
Så bekymringlaus og fri

Og kva om eg var
Ein eld som brann
Som brann over engene
Der kor dråpane hang
Som brann vekk alt liv
Slik at det kunne starte på ny
Så bekymringlaus og fri
Skulle eg likt å bli

Og kva om eg var
Ein ubestemmelig vind
Som leika i lufta
Så roleg og så sint
Som leda elementa
Sendte stormar utan tvil
Så bekymringlaus og fri
Skulle eg likt å bli

Men dagen eg døyr
Så blir eg til jord
Og av meg
Så skal det gro
Og der på eit gras
Er det ein dråpe som heng
Så bekymringlaus og fri
Skulle eg likt å bli


Video: Slik skulle eg likt å bli von Daniel Kvammen

Teilen

Zeige deinen Freunden, dass dir Slik skulle eg likt å bli von Daniel Kvammen gefällt:

Kommentare