Ei Fane Svart Songtext - Cor Scorpii

Ei Fane Svart - Cor Scorpii

Fryktlaus er den dømde
Ærefull og rak
Ein tidlaus torn i auga
Til tvangstru og misjon

Ein krigar i natta
Merka og brend
Ikkje har han ottast
Skjærseld eller inkvisisjon

Kjettarar og vantru
Nytarar av livet si frukt
Døtre av Diana
I ekstatisk heksedans
Morgonstjernas søner
Jaga som eit ureint barn
Storlåten visemann
Trassar konvensjon

Evige offer
For syndas piskeslag

Motstandshird
Røyser seg til kamp
Lidande logar
Vert til flammehav

Alle skal dei samlast om hjartet
Til ein skorpion

Gneista har slokna
Og anden teke slut
Ei kiste kledd i mørke
Dysterheitas drakt

Ein livslang kamp
For vår svarte fane
I æva skal det minnast
Den stolte mann sitt namn


Video: Ei Fane Svart von Cor Scorpii

Teilen

Zeige deinen Freunden, dass dir Ei Fane Svart von Cor Scorpii gefällt:

Kommentare