Rosa mi Rosa Songtext - Blodsmak

Rosa mi Rosa - Blodsmak

[vers 1]
Rosa mi Rosa, må du med ham fare?
Rosa mi Rosa, vegen han er tung
Rosa mi Rosa, du treng ikkje forklare
Han har familie og pengar i sin pung


[pre-Chorus]
Far din har signa dykk, mor di felt ei tåre
Tre varme sumardygn til bryllaupet skal stå
Rosa mi Rosa, høyr verdas største dåre
Ropar i avmakt, ikkje gå !

[Chorus]
Eg står einsam med sjela i neven
Totalt overgjeven, eit skal av ein mann
Sjå meg krype på blodskrapa kne
Eg tryglar og ber deg
Å Rosa ta meg med

[vers 2]
Rosa, mi Rosa, du tok mitt sprukne hjarte
Bar det som liv under skjøre fugleveng
Rosa mi Rosa, du fekk det ingen klarte
Mitt liv for ditt kjærteikn, mitt rike for di seng

[pre-Chorus 2]
Rosa Rosa lat meg sjå deg dansa
Her under måneljos syng eg mi song
Rosa mi Rosa du spiddar meg med lansar
Gje meg av heile deg for siste gong

[Chorus]

[solo]

[Chorus]
Eg står einsam med sjela i neven
Totalt overgjeven, eit vrak av ein mann
Sjå meg trygla på blodskrapa kne
Eg nødar og ber deg
Å Rosa gje meg fred!


Video: Rosa mi Rosa von Blodsmak

Teilen

Zeige deinen Freunden, dass dir Rosa mi Rosa von Blodsmak gefällt:

Kommentare